Velkommen til oss

Ledig stilling som rektor ved Ytre

Vår rektor Trine Røssevold ønsker å vere kunstnar på heiltid, og difor treng vi ny rektor på Ytre kunstfagskole i Ålesund. Søknadsfrist 15. november

Kunstfagskolen vart etablert i 1989 og tilbyr no to utdanningar innan fagområdet visuell kunst, på nivået høgare yrkesfagleg utdanning (HYU). Skolen er eigd av Stiftelsen Ytre kunstfagskole og har øyremerka driftstilskot frå KD. Ytre kunstfagskole har studentar frå heile landet og er ein viktig arbeidsplass for mange profesjonelle, yrkesaktive kunstnarar i regionen. Skolen har utvikla ein strategi for fagområdet visuell kunst på Nordvestlandet, fekk våren 2026 fagområdeakkreditering, og har dei siste åra vore i sterk utvikling. Ytre kunstfagskole er den einaste kunstfagskolen nord for Bergen, og har 8 fast tilsette. 6 av disse er lærarar i deltidsstillingar i kombinasjon med at dei er yrkesaktive kunstnarar. I tillegg brukar vi gjestelærarar frå heile landet. 

Rektor har det faglege og pedagogiske leiaransvaret for Stiftelsen Ytre kunstfagskole (Ytre). Styret er skolens øvste administrative organ og skal sørge for forsvarleg organisering og vedtak av planar, budsjett og retningslinjer for drifta.

Den daglege drifta er delegert til rektor, som har ansvaret for utvikling av planverk med alt frå kunstfagleg profil og pedagogisk plattform i samarbeid med fagstaben, til administrasjon og økonomi. Rektor har personalansvar og delegerer arbeidsoppgåver til sine tilsette.

Styret er opptatt av at det strategiske planverket for Ytre fylgjast opp. Det overordna målet er å vidareutvikle Ytre som ein yrkesnær kunstfagskole i tett samarbeid med lærarane og fagmiljøet i regionen, spesielt gjennom vår egen «Ytre-modell». Skolen skal ha ein nasjonal posisjon, med eit særleg fokus på det rurale perspektivet i kunstnariske praksisar. For å nå dette målet må det brukas tid på omdømmebygging, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I dette ligg også oppfølging av skolens påbegynte internasjonale samarbeid.

Ytre fekk våren 2026 akkreditering for fagområdet visuell kunst. I dette ligg ei fullmakt til å utvikle og starte opp nye utdanningar, og å vesentleg endre eksisterande utdanningar. Ytre driv i dag to fulltids fagskoleutdaningar: Visuell kunst – 2.årig grunnutdanning, og Yrkesstudium visuell kunst - årsstudium for kunstar i etableringsfasen. Ansvaret for utvikling av nye utdanningar i samsvar med fagområdeakkrediteringa vil vere ei sentral oppgåve for rektor.

Rektor rapporterer til styret, og styreleiar er rektors nærmaste overordna.

Stillinga vil vere innplassert i stiftinga si pensjonsordning i Nordea Liv og er direkte lønsplassert av styret. Rektor vil ikkje få ekstra løn for overtid eller arbeid utanom ordinær arbeidstid, men har rett til ei ekstra ferieveke som kompensasjon. Rektor har også fri mobiltelefon, datamaskin og internett heime, og dekning av driftskostnader knytt til dette. Stillinga er fast og i 100%. Oppseiingstida er tre månadar. Rektor må bu i regionen.

Lønnsjustering skjer gjennom forhandlingar med styret, og føresett at resultatet av forhandlingane skal fylgje standard for lønsutvikling i samfunnet elles.

Vi tilbyr konkurransedyktig lønn og ordna arbeidsforhold i et sterkt fagmiljø. Vår nye rektor vil møte ein velfungerande organisasjon som er godt forankra i kunstmiljøet i regionen. Vi ynskjer oss ein rektor som vil føre vidare det målretta arbeidet med fagleg profil, som har kunstfagleg kompetanse og som har interesse også for å jobbe strategisk både politisk og kunstfagleg.

I vurdering av søknader vil vi også vektlegge erfaring med økonomistyring, drift, personalleiing, prosjektleiing og høgare utdanning. Søkjar sitt eige nettverk og kjennskap til feltet vil vere av verdi.

For spørsmål om stillinga kontakt

Rektor Trine Røssevold, trine@ytrekunst.no, 41201551

Koordinator Simon Wågsholm, simon@ytrekunst.no, 91862466

Søknad med CV sendes til post@ytrekunst.no innan 15.november 2026.

Startdato etter avtale.

Referansar og attester tas med ved evt. Intervju.