


Refraksjon: kunsten å bøye lys
Avgangsutstillingen 2026 ble vist på Khåk kunsthall fra 22.mai til 7.juni 2026
Eit rom for motstand, endring, det spontane og det uventa.
Andreårsstudentane Ingeborg, Silje, Ingrid, Tuva, Vera og Xanath ved Ytre kunstfagskole skal vidare, etter to år med prøving, eksperimentering og kritisk refleksjon nærmar det seg ei mellombels samanfatting av der dei står nett no. Mellombels fordi dei er i rørsle. Samanfatninga gir oss publikum høve til å oppleve kunstverka deira som alle har sin særskilde tilbliingsprosess. Ein prosess der noko nytt veks fram gjennom rørsle, erfaring, motstand og samspel over tid. Gjennom to år har studentane arbeidd med å bli kjende med ulike materiale og teknikkar, som medspelarar i ein skapande prosess.
Prosessane studentane har arbeidd med, samlar fragment til ein heilskap. Livserfaring, ulike kontekstar og individuelle perspektiv kjem saman. Gradvis byrjar ei kunstnarisk stemme å tre fram, først varsamt og uklårt, men etter kvart meir presist, forma gjennom erfaring og merksemd.

























