Manifest

Vi har skrevet et manifest. Her har vi satt ord på hva vi vil med skolen vår. Vi har også laget 10 dogmer - eller regler. Undervisning og studieopplegg følger disse. Til sist i manifestet har vi satt opp noen øvelser. Disse er eksempler på hvordan man kan praktisere det manifestet sier.

Ideologi – intensjon – motiv - synspunkt

Alle skal kunne studere kunst.

Alle skal kunne skape kunst.

Kunst er ytring som er gitt form og utrykk.

Kunst er djupt menneskeleg.

Skolen. Ytre kunstfagskole er ein reaksjon og ein motreaksjon. Vi er ein reaksjon på våre omgjevnadar, naturen, klimaet, utkanten, småbyen, historia, kulturen, eksentrisiteten og folket. Vi er ein motsats til kunstutdanningar i storbyar som forsterkar maktstrukturar i kunstfeltet.

Studenten. Ytre kunstfagskole lærer studenten å sjå seg rundt; på havet, på fjella, på fjorden, på vinden, på historia, på folka som går gatelangs, på forfall, på ornamentikk, på politikk, på bratte bakkar, på mjølkebønder, på maten vi hentar frå havet, på steinformasjonar, på butikksenter, på samtalar, på omsorg, på jugendstil, på kråker, på minner, på smale stiar ut mot fyrtårn og storsjø.

Ytre kunstfagskole lærer studenten å hente frå sine eigne kjelder; frå erfaringar, frå opplevingar, frå engasjement, frå det som kjennes sterkt, frå det som er nært, frå det som er heilt sjukt gøy.

Kunstnaren responderer på det samfunnet kunstnaren lever i, og er ein del av. Kunstnaren gir stemme til eit samfunn; ei folkegruppe, ein nasjon, eit lokalmiljø, ein fraksjon, ein gjeng, ein subkultur, eit individ. For at kunstnaren sitt arbeid skal gi meining i eit samfunn må kunstnarane vere ei mangfaldig gruppe med ulike livserfaringar, frå ulike bakgrunnar, og ha sitt virke på ulike stader. Ytre kunstfagskole jobbar for breidde og mangfald.

Kunstnaren skal vere alle stader og i alle typar miljø.

Kunstnaren er eit vitne, ein spegel, ein augeopnar og ein motreaksjon.

Kunst kjem frå kunstnaren.

Dogmer

- Alle modular skal involvere nærmiljøet

- Skolen skal vere ei kjerne med fleire satellittar rundt i regionen.

- Lokal kunnskap og ressursar skal nyttast.

- Læringa skal skje gjennom å gjere – hender og hovud.

- Materialkunnskap skal ligge i botnen.

- Studenten skal møte seg sjølv gjennom studiet.

- Studenten skal utfordrast av ulike typar rettleiarar, kunstnarar og menneske.

- Studenten har ansvar for sitt eige studium.

- Studentane skal samtale om arbeida sine.

- Studentane er kvarandre sine kritikarar.

Øvingar

  • Plasser deg med begge beina planta på bakken.
    • Vend blikket ned. Skildre det du ser.
    • Vend blikket rett fram. Skildre det du ser.
    • Vend blikket opp. Skildre det du ser.
  • Gjer øvingane over her ein fast dag i månaden, til eit fast klokkeslett, gjennom eit heilt år.

  • Kva er den viktigaste hendinga som har funne stad der du er?
  • Gå gjennom lokalavisa. Kva er det minst viktige du finn her?
  • Finn ei oversikt over interesseorganisasjonar rundt deg. Finn tre som du kunne tenkt deg å høyre til.
  • Gå ut døra og gå ein tur. Vandre i ein time. Sjå deg rundt og ver til stades. Ha med ei notisbok. Noter alt det som skaper reaksjon i deg.

  • Lag ein sirkel på kartet rundt der du er. Finn alle kunstnarane og kunsthandverkarane som arbeider innan denne sirkelen. Finn ut kva dei arbeider med.
  • Lag ein sirkel rundt der du er. Finn all offentleg kunst som er plassert innanfor denne. Noter kva kunsten er, kven kunstnaren er, år det var sett opp, bakgrunn for verket.